Folkekunst i Fosen

1750–1850 var den store blomstringstida for norsk folkekunst.

Samanlikna med dei indre bygdene i Sør-Trøndelag er ikkje Fosen kjent som eit område med rik folkekunst. Men folkekunsten her er lite undersøkt. I Fosen historielag har det vore eit ønske å undersøke dette nærare.

Det er bakgrunnen for eit prosjekt som historielaget har sett i gang. Konservator Ola Grefstad og Johan G Foss har gjennomført tre turar og besøkt museums­samlingar på Fosenhalvøya, Agdenes (Lensvika) og Frøya, i tillegg til Trøndelag Folkemuseum på Sverresborg.

Ola Grefstad og Joar Tøndel på stabburstroppa på Frosta gård, Lensvik bygdemuseum, september 2017.

Dei kommunane som gjenstår, er Åfjord, Hitra og Hemne/Snillfjord. Hemne er rekna som det området som er rikast på gammal folkekunst i Fosen.

I Samlingane på Sverresborg er det også mange gjenstandar frå Fosen, som vil bli gjennomgått.

 

Fargane kjem inn i husa

Blomstringa av folkekunsten var ein del av ei større utvikling av kultur og leveforhold. Det var i denne perioden fargane kom inn i husa. I dei gamle røykstuene var det lite av dekorasjonar. Dei nye bygningane som kom på 1600- og 1700-talet med peis, murpipe og loft, skapte eit nytt tilvære for folk. Romma vart både røykfrie og lysare. Lysopningen i taket vart erstatta av vindauge i veggene som gav meir lys. Dermed vart det meir vits i å bruke måling og dekorere møblar og andre gjenstandar.

Dette er den bygningshistoriske bakgrunnen for den store blomstringa av folkekunsten. Treskjæring hadde ein drive med frå gammalt, no kom målinga og fargane inn i dekorasjonskunsten.


Da fargane kom inn i husa. Her er restar etter autentiske fargar frå midten av 1800-talet i ei fiskarbondestue frå Gurvikdalen på Frøya, no på Frøya bygdemuseum. Dører og dør­karmar er måla i brunt, dørfylling i blått, takbjelker i blått (ultramarin), himling og stussbrett i kvitt, stussbretta med grønn list nedst, mjølkehyller i mørk grønt (oppe til venstre). Også veggene har vore måla, med kvit limmåling, som det berre er restar igjen av. Fiskarbonden i Gurvikdalen hadde ei lys, fargerik og vakker stue den tid målinga var ny. Kjøkenet i bakgrunnen vart det verken spandert panel eller måling på (vi ser litt av grua til høgre og lofttroppa til venstre).

 

Folkekunst-prosjektet i Fosen –
sju samlingar besøkt så langt

Samlingane som er besøkt, er Osen bygdatun på Vingsand, Roan bygdatun på Utro, Bjugn bygdatun på Mølnargården, Uthaugsgården på Ørlandet og Yrjar heimbygdslags samling på Austrått, Rissa bygdemuseum på Reinsklosteret og Audun Dybdahls samling på Litlenget i Skaudalen i Rissa, museet Kystens Arv på Stadsbygda, og Lensvik bygdemuseum (Frosta gård). I tillegg er det tatt ein innleiande runde på Sverresborg Trøndelag Folkemuseum. Også ein del gjenstandar i Frøya bygdemuseum er fotografert og registrert. I alt er omkring 250 gjenstandar som kan gå under nemninga folkekunst, fotografert og registrert. I tillegg er det komme inn ein del bilete og opplysningar om folkekunst-gjenstandar frå ulike delar av Fosen.

Alle stader vart det sett pris på besøket. Alle var interesserte i at skjulte skattar i samlingane blir trekt fram, og at vi kan få meir kunnskap om gjenstands­kulturen og folkekunsten i Fosen.

 

Materialet blir analysert

Ola Grefstad er no i ferd med å analysere materialet og prøve å trekke noen konklusjonar, m.a. prøve å finne ut kva som er laga i Fosen og kva som har komme andre stader ifrå, om det er noen lokale «hender» som går igjen i materialet, om omreisande kunstnarar har verka her og kvar desse i tilfelle kom frå. Var det slik som konservator Elling Alsvik har antyda, at Fosen var en kulturprovins av Orkdalsregionen?

 

Gamle skjønnheiter fram i dagen

Sjøl om Fosen ikkje kan reknast blant dei store folkekunstområda, så er det funne mykje fint handverk, og det er ei glede å kunne vise fram noen av dei vakre gjenstandane som er registrert. Dette er ikkje Ikea-varer!

Det må understrekast at gjenstandane er gamle, falma og til dels skada. Vi må prøve å sjå dei gamle skjønnheitene for oss i sin ungdommelege glans, og prøve å sjå bort ifrå dei merka som tidas tann har sett på dei. Med litt databehandling kan vi også friske opp fargane.

Foto: Johan G Foss.

 


Detalj frå ei sengeside på Vingsandgården, Osen bygdatun (OS-493), med ein velforma navneinskripsjon, «Nekoline A.d. Wingsand». Eigaren var Nikoline Abrahamsdatter Vingsand (1819–1873). Sjå nøye på inskripsjonen. Den som har måla dette, har hatt kontroll over penselen!

 

Rosemåla dør frå eit kråskap på Osen bygdatun (OS-880). Ein vakker komposisjon av såkalla akantusrankar. Dette er fint målararbeid (fargane er her litt forsterka), men det aller finaste er treskurden. Dekorasjonen er først skore ut, og så måla. Dette kjem betre fram på detaljfotoet nedafor. Skapet er truleg laga i Orkladalføret, truleg i første halvdel av 1800-talet. Den symmetriske ranken som kjem opp frå ein vase, var eit typisk motiv der.


Detalj frå dekorasjonen ovafor. Her kjem både treskjæringa og målararbeidet klart fram, men også skadane og slitasjen. Og motthola.

 


Lite skrin med karveskurd i Johan Eian-stua på Utro, Roan bygdatun. Karveskurd, med mykje bruk av passar, var ein vanleg dekorasjonsteknikk i folkekunsten, særleg på Vestlandet og i kystområda. På dette skrinet er det også skåre inn hjarter, noko som kan tyde på at skrinet er laga som kjærleiksgåve (festargåve). Under lokket er forbokstavane A A D vakkert innskore (og årstalet 1888 påskrive med blå blyant, truleg seinare). Skrinet har også vorte måla med ein farge som ikkje er den opprinnelege.

 


Liten smørdall på Roan bygdatun, i Bakkastua på Utro (ROB-022). Heile dallen er berre 13 cm høg, laga av eitt trestykke. Botnen er «krympa» inn. Slike boksar vart kalla krympeboksar. På den eine sida er påmåla initialane «A J S R», i botnen innskåre «H C H» (sjå teikninga nedafor). Slik dallen framtrer i dag, kan den knapt seiast å vera pen, men i si tid var dette ein vakker, liten bruksgjenstand, med både skurd (utskjæringar) og måling. Målinga (mørk grønn med kvite bokstavar og brun ring øvst og nedst) er sikkert yngre enn skurden. Det var vanleg at gamle, utskorne gjenstandar seinare vart måla.


Teikning av smørdallen (krympeboksen).
Teikning: LKH 1988

 


Rosemåla sveipa korg i Bjugn Bygdatun (BJB-0147).

 


Mangletre i Bjugn Bygdatun (BJB-152). Mangletre vart brukt til å rulle (glatte) dukar, laken o.l. med. Dei vart ofte brukt som festargåve (forlovelsesgåve), og var gjerne vakkert utforma. På dette mangletreet les vi årstalet 1844 og namnet AneMartha (tydelegare vist på fotoet nedafor). Skjeraren har heva t’en i namnet og forma han som eit kors, sikkert ein sterkt meiningsberande detalj. Kanskje Ana Martha var haugianar? – Motten (borebilla) treivst godt ute på kysten og forsynte seg grådig av hus og tregjenstandar.


Detalj frå mangletreet BJB-152. Skore med stø og kjærleg hand.

 


Døroverdel frå ei stuelån på Bjugnholmen i Bjugnfjorden, no i Yrjar heimbygdslags samling (YHL-1642).


Sveipa korg med fin rosemåling frå 1868 i Yrjar heimbygdslags samling (YHL-3242). Slike korger vart brukt til flatbrød og som beiningskorger (til å bera selskapsmat i) og var ein av gjenstandstypane som gjerne vart rosemåla.

 


Kvardagskunst. Namnkavl på Uthaugsgården på Ørlandet, brukt som eigarmerke på sildegarn. Denne kavlen tilhørte Kasper Ophaug og vart laga i 1874. Den som skar dette, hadde kontroll på kniven.


Måleri på ein sengekant på Uthaugsgården på Ørlandet. Måleriet skal vera av erkebispegården i Trondheim. Sengekanten har i tillegg inskripsjonen: «Olava Estensdatter Bakken – Aar 1851». Sengekanten er elles full av motthol.

 


Navneskilt frå båten «SEIONS LØVE» i Lofotdrift-utstillinga på Kystens Arv (namnet på båten var vel «Sions løve», tilsvarande den bibelske Sions vektar). Skiltet skal vera laga av Gerhard Hansvold. Båten skiltet var laga til, var bygd og heimehørande på Stadsbygda (bygd 1894). Men skiltet kom aldri i bruk på båten. Dei gotiske bokstavane er kreativt utforma, nesten til det uleselege. I folkekunsten i siste halvdel av 1800-tallet finn vi slike bokstavformer i mange variantar.


Vevspjelk (vevtempel, vevspenne) i museet Kystens Arv, visstnok frå Hansvollen på Stadsbygda. Slike vart brukt til å spenne ut veven medan dei vov, slik at jarane på begge sider vart jamne. Vevspjelk var ei vanleg forlovelsesgåve og var ofte svært forseggjort. Initialane til jenta kunne vera skåre inn, slik som her – K O D H.

 


Smørform med utsøkt og spesiell treskurd i Rissa bygdemuseum (BJB-781), bl.a med «smetta rosett» i det andre feltet. På nedre kanten les vi speilvendt «B I D K 1847». Godt treskjærararbeid, dette!

 


Ølbolle fra 1700-tallet i Rissa bygdemuseum (RIB-118). Langs kanten har den inskripsjonen «A N N O 1761».


Bandgrind i Rissa bygdemuseum (RIB-534) med gjennombrotne, turbinaktige sirkelrosettar. God treskjæring, dette, òg! Bandgrinda har årstalet 1854, og på andre sida «M. N.D.». Bandgrinder vart brukt til å veva band med, hoseband f.eks.


Eine enden av ein gammal vevspjelk i Rissa bygdemuseum (RIB-122), med alderdommeleg treskurd, og med fiskar. Figurframstillingar som dette er heller sjeldne i folkekunsten, maritime figurar enda sjeldnare.

 


Smørfisk frå Djupdalen i Rissa, visstnok laga av Hågen Dybdahl (1839-1930), no hos Audun Dybdahl på Litlenget i Skaudalen. Den består av to former som kan fyllast med smør og leggast saman, og dermed forme smøret som en fisk.


Vakkert skatoll med bua skyvelokk på Litlenget i Skaudalen, laga i 1865. Skatollet har truleg vore på Litlenget sidan bruket vart etablert i 1882, og truleg er det den første oppsittaren, Andreas Olsen Skaug (1836–1903) som har fått det dit. Under lokket på den øvste skuffa står det skrive med blyant: «Andreas Olsen Skaug Skaudallen 1865 haver giordt Dette». Trass i namnelikskapen er det visst ikkje oppsitteren på Litlenget som har laga møblet. I Skaudalen finst det mange slike skatoll frå denne tida (Audun Dybdahl).

 


Sideplate av ei sveipa korg på Frostad gård, Lensvik bygdemuseum. Korga er ødelagt, men delar av den vakre dekorasjonen er bevart, og plata gir eit inntrykk av korleis slike korger vart laga.


Også hesten skulle ha fint utstyr. Her eit høvre, «sålå» (sele), med svarte blomsterrankar påmåla. På baksida les vi «Ole Olsen Frostad – 1844». Høvret befinn seg på Frostad gård, Lensvik bygdemuseum.

 


Smørform frå 1841 med mange figurmotiv i Frøya bygdemuseum (FR-108). Oppe til venstre les vi «1841» og «B I D E». Figurmotiv var ikkje så vanleg i folkekunsten, men her har vi fleire på eitt brett; ein jeger som skyt ein fugl, eit skip med rigg og anker, ei kvinne som står og kinnar smør, den norske løve, ei ku som står framfor krybba, og eit anker på kanten nede til venstre. Dei maritime figurane (skip, anker) knytter denne smørforma til kysten.


Bandgrind i Frøya bygdemuseum (FR-114), med blomsterdekor i fint utskåre og måla relieff. Midt i er det ei vogn med ein person som blir drege av to fuglar. Dette motivet kan vera henta frå ein omn som vart produsert ved Odals Verk i siste del av 1700-talet, der sideplata framstilte Venus som vart trekt av svaner. Desse omnane fanst det ein del av rundt omkring på bygdene.

 


Kråskap frå Ørlandet, måla i 1832, no på Sverresborg Trøndelag Folkemuseum. Skapet heng no i Kråkøystua frå Kråkøya i Roan. Skapet er halde for å vera måla av Johan Kristoffersen Solbu på Grande på Ørlandet, men han var fødd i 1826, i Orkdalen, og kom ikkje til Ørlandet før i 1847, så han kan vanskeleg ha måla skapet.

 


Inskripsjon og blomsterdekor på ei seng frå Grande på Ørlandet, no på Sverresborg Trøndelag Folkemuseum. Senga står i Kråkøystua frå Roan, men har nok ikkje hørt til der. Denne senga kan vera måla av Johan Kristoffersen Solbu. Han vart gift med ei enke på Grande i 1856.

 


Kvardagskunst. Inskripsjon på ein skyttel i Frøya bygdemuseum (FR-678a). Dei vakre bokstavane er skore inn med ei stø og kjærleg hand. Dette kan godt vera ei kjærleiksgåve. Inga jente kunne vel stå imot når ho fekk ei sånn gåve – der det vaks blad ut av bokstavane hennes! Det er så ein får tårar i auga.

 

Gamle, fine ting fins det mange av rundt om i heimane. Fosen historielag oppfordrar dei som har slike, til å fotografere dei og sende bilete og opplysningar til
Fosen historielag, post@fosen-historielag.no,
eller til Naustveien 179, 7100 Rissa.

Det same gjeld gamle bygningar, frå før 1860. Send foto og opplysningar til Fosen historielag.

 

Johan G Foss

Arkeologiske artikler i Fosen historielags årbøker

 

Forfatter Tittel Årbok,
side
Th Petersen: Trekk fra oldtidens bosetning i Fosendistriktene 1947:9
Utsolgt
Sverre Marstrander: Fortidsminner. Registrering og fredning 1949:39
Utsolgt
Ingrid Sannes Johnsen: Runeinnskrifter i Fosen 1969:7
Oddmunn Farbregd: Arkeologisk utgraving på Å i Snillfjord 1971:15
Fredrik Gaustad: Noen skjelettbegravelser fra Ørlandet 1972:86
Fredrik Gaustad: Steinalderkunst fra Stadsbygd. Et helleristningsfunn på Rein 1976:105
Oddmunn Farbregd: Funn og fornminne på Selnes i Snillfjord 1978:31
Utsolgt
Kalle Sognnes: Steinalderens bergkunst på Fosenhalvøya 1979:7
Kalle Sognnes: Arkeologiske undersøkelser på Klakken i Bjugn 1980:51
Kalle Sognnes: Arkeologiske undersøkelser på Kråkvåg i Ørland 1986:7
Kristian Pettersen: På sporet etter de første fosninger 1991:27
Torunn Herje: Valseidet i Bjugn – et høvdingsete i eldre jernalder 1991:29
Inge Aarseth: Hvordan var det på Frøya før siste istid? 1995:17
Kåre Rokoengen og Marek E. Jasinski: Sagakongenes byggeaktivitet på Agdenes. Spor etter kong Øysteins havn i ord, jord og fjord 1996:7
Leif-Johan Igeltorp: Bronseøks fra Fevåg 1996:65
Merete Moe Henriksen: ”Til mat og klede den mann har trong som over fjell har fare”. Ferdsel og jernalderbosetning i Agdenes og Snillfjord 1998:7
Geir Grønnesby: Langhus fra eldre jernalder på Hovde 2000:41
Johan Anton Wikander: Solur eller kompassrose på Halten? 2003:7
Kalle Sognnes: Allmenningsværet i Roan – fiskevær gjennom tusenår 2005:7
Johan Anton Wikander: Solur eller kompassrose ved uthavnen Kråkvåg? 2005:23
Kristian Pettersen Anders Nummedal. Geologen og arkeologen som fant de tidligste spor etter mennesker i Fosen 2012:7
Leidulf Hafsmo: Varder og veter i Fosen 2014:69

Oversikt over Fosens forhistorie finner du ellers i
Fosens historie, bind 1 (2005).

Slik får du kjøpt bøker fra Fosen historielag

Finst det meir stoff om Guri Kunna?

Av Johan G Foss

Guri Kunna er den sentrale sagnfiguren i Fosen. Det har vore fortalt mange forteljingar om ho, særleg på Frøya, Hitra og i Nordfosen (Fosenhalvøya).

Eg har gått ut frå at det aller meste av det som er fortalt om ho, er skrive ned. Men her ein dag fekk eg høre noko som fekk meg til å lure på om det enno finst tradisjon om Guri Kunna som ikkje er nedskrive.

Eg fekk høre at fiskarane ofra til Guri Kunna. Når fisket var dårleg, hiva dei ut ein fisk til ho. Dersom dette vart gjort (eller at det finst tradisjon om at det vart gjort), er det ei viktig opplysning, som iallfall eg har vore ukjent med. Er det noen som har hørt om dette, så gi meg ei tilbakemelding.

Eg fekk også høre at Guri Kunna var den åttande av Dei sju søstre på Helgeland. Sagnet om desse søstrene fortel at dei hadde lurt seg ut for å danse ei natt, og så kom dei seg ikkje i skjul før sola stod opp, og dermed vart dei til stein. Noen sagn går ut på at Lekamøya var den åttande søstera. No får eg høre at Guri Kunna var den åttande. Ho langa til sørover og kom seg i skjul på Kunna i Froan før sola rann, og dermed berga ho livet. Er det noen som har hørt om dette – eller hørt andre interessante forteljingar om Guri Kunna?

I og med at Guri Kunna har ein så sentral plass i sagntradisjonen i Fosen, er det viktig å få tatt vare på mest muleg av det som har vorte fortalt om ho. Hugsar du noe som dei gamle fortalte, så skriv det ned, eller ta kontakt.

Johan G Foss
j-g-foss@online.no
954 02 921

Gurihamna i Tarva

Guri Kunna var knytt til øya Kunna i Froan, men det finst også andre Guri-lokalitetar i Fosen. Bildet viser Gurihamna på Tarva, tatt mot nord. Dette er ei fin naturhamn med eit trolsk bergparti (til venstre i bakgrunnen) som kan ha leia tanken mot Guri Kunna. Foto: Oddmund Grøttan, Tarva.

Det går litt tregt å få inn pengebidrag til Fosens historie

Arbeidet med bind 2 av Fosens historie har pågått sia høsten 2015. Per Christiansen og Svein Henrik Pedersen er i full gang med skriving. Men prosjektet er ikke fullfinansiert. Det er kostnadsrekna til 2,5 mill kr. Fosen historielag stiller 800.000 kr av oppsparte midler. Resten må skaffes fra andre støttespillere. Der er søkt om midler både fra kommunene, fylket, næringsliv, banker og gavefond, men foreløpig er det bare kommet inn 54.244 kr.

Bidragene er kommet fra Osen kommune, Roan kommune, Rissa kommune, BeWi produkter og Øystein Syltern.

Kommunene er søkt om en bidrag på 4 kr pr innbygger pr år i 3 år. Det vil gi 450.000 kr, altså ca halvparten av det Fosen historielag allerede har lagt inn i prosjektet. Én kommune har gitt avslag på søknaden, begrunnet i dårlig kommuneøkonomi.

Vi risikerer at prosjektet ikke blir fullfinansiert. Vi vil greie å skaffe midler til å lønne forfattere og redaktør, slik at innholdet i bindet kan ferdigstilles, men at utgivelsen må eventuelt utsettes til finansieringa er på plass.

Les mer om Fosens historie bind 2 her.

 

Vellykka årsmøte i Stjørna

Årsmøtet 2016 ble avvikla i Fritun forsamlingshus i Sørfjorden i Stjørna, Rissa, lørdag 4. juni, med 35 medlemmer til stede, som alle lot til å være godt fornøyd med møtet. Møtet ble omtrent slik som vi ønsker at et årsmøte i Fosen historielag skal være: hyggelig, innholdsrikt (men ikke overlessa), passende formelt og passende uformelt.

Årsmøtet 2016 1

Eilert Bjørkvik var vert, og han holdt også foredrag om Stjørnas historie. I tillegg var det musikk- og sanginnslag av en kvartett under ledelse av Tore Otterstad, og det ble servert herlig ferskfiskball til middag, levert av Marthabrygga i Råkvåg (Gunn Småvik).

Årsmøtet 2016 2
Eilert Bjørkvik i inspirert foredrag om
Stjørnas historie.

Etter middagen tok Eilert deltakerne med på vandring og omvisning i bryggerekka i Råkvågen.

Årsmøtet 2016 3

 

Årsmøtet

Lederen, Johan G Foss, leda sjølve årsmøtet. Fra møtedeltakerne ble uttrykt tilfredshet med det arbeidet som var gjort i løpet av året: god årbok, ekstra bokutgivelse («Doktorbåten»), ny nettside, arbeid med Fosens historie bind 2 og to fyldige meldingsblad.

Men medlemstallet synker – 27 i avgang i løpet av regnskapsåret, og medlemmene ble bedt om hjelp til å verve nye medlemmer.

En annen utfordring er å fullfinansiere arbeidet og utgivelsen av Fosens historie bind 2. Det arbeides for fullt med å skaffe midler, med søknader til kommuner, fylkeskommune, stiftelser og bedrifter. Det søkes om beskjedne 4 kr pr innbygger fra kommunene. Osen er den første kommunen som har bevilga sin andel.

Ellen Aanes Draagen fra Hitra og Bjørn Nilsen fra Snillfjorden gikk ut av styret på dette årsmøtet. De takkes for innsatsen. Inn kom Berit Johanne Vorpbukt fra Hitra og Johan Mjønes fra Snillfjord.

Det nye styret består av
Johan G Foss, Frøya, leder
Ernst Øyangen, Trondheim
Helge Bueng, Åfjord
Johan Mjønes, Snillfjord
Berit Johanne Vorpbukt, Hitra

Varamedlemmer:
Eilert Bjørkvik, Rissa (fast møtende vara og kasserer)
Jostein  Selnes, Snillfjord
Bernt Jørgen Stranden, Bjugn