Folkekunst i Fosen

1750–1850 var den store blomstringstida for norsk folkekunst. Blomstringa skjedde altså i den perioden som bind 2 av Fosens historie skal dekke, ca 1700–1860.

Fargane kjem inn i husa

Blomstringa av folkekunsten var ein del av ei større utvikling av kultur og leveforhold. Det var i denne perioden fargane kom inn i husa. Fargane kom med vindauga og lyset. I dei gamle røykstuene var det lite av dekorasjonar. Måling av vegger, tak og inventar var ikkje vanleg. Dei nye bygningane som kom på 1600- og 1700-talet med peis, murpipe og loft, skapte eit nytt, røykfritt tilvære for folk. Ljoren i taket vart no erstatta av vindauge i veggene som gav meir lys. Dermed vart det vits i å bruke måling og dekorere møblar og andre gjenstandar. Dette er den bygningshistoriske bakgrunnen for den store blomstringa av folkekunsten. Treskjæring hadde ein drive med frå gammalt, no kom målinga og fargane inn i dekorasjonskunsten.


Fargane kom inn i husa. Her er restar etter autentiske fargar frå midten av 1800-talet i ei fiskarbondestue frå Gurvikdalen på Frøya, no på Frøya bygdemuseum. Dører og dørkarmar er måla i brunt, dørfylling i blått, takbjelker i blått (ultramarin), himling og stussbrett i kvitt, stussbretta med grønn list nedst, mjølkehyller i mørk grønt (oppe til venstre). Også veggene har vore måla, med kvit limmåling, som det berre er restar igjen av. Fiskarbonden i Gurvikdalen hadde ei lys, fargerik og vakker stue den tid målinga var ny. Kjøkenet i bakgrunnen vart det verken spandert panel eller måling på (vi ser litt av grua til høgre, lofttroppa til venstre).

Folkekunsten i Fosen

Dekorasjonskunsten stod ikkje like sterkt alle stader. Fosen utmerka seg ikkje med særleg rik folkekunst samanlikna med dei indre bygdene i Sør-Trøndelag. Men folkekunsten i Fosen er lite undersøkt. I Fosen historielag har det vore eit ønske å undersøke dette nærare. Det var bakgrunnen for turen. Ambisjonen var ikkje å få med «alt», men nok til å få eit bilete av folkekunsten i Fosen, i denne omgangen Fosenhalvøya. Sørfosen med Hitra og Frøya kjem i neste omgang.

Sju samlingar vart besøk, 100 gjenstandar fotografert

Samlingane som vart besøkt på turen, var Osen bygdatun på Vingsand, Roan bygdatun på Utro, Bjugn bygdatun på Mølnargården, Yrjar heimbygdslags samling på Austrått, Uthaugsgården på Ørlandet, museet Kystens Arv på Stadsbygda og Audun Dybdahls samling på Litlenget i Skaudalen i Rissa. Alle stader vart det sett pris på at vi kom. Alle var interesserte i at skjulte skattar i samlingane vart trekte fram, og at vi kan få meir kunnskap om gjenstandskulturen og folkekunsten i Fosen.

På turen vart det teke bilete av ca 100 gjenstandar som viser ulike typer folkekunst. I ettertid er det henta inn meir informasjon om gjenstandane.

Materialet skal analyserast

Ola Grefstad skal no analysere materialet og prøve å trekke noen konklusjonar, m.a. prøve å finne ut kva som er laga i Fosen og kva som har komme andre stader ifrå, om det er noen lokale «hender» som går igjen i materialet, om omreisande kunstnarar har verka her og kvar desse i tilfelle kom frå. Var det slik som konservator Elling Alsvik har antyda, at Fosen var en kulturprovins av Orkdalsregionen?

Gamle skjønnheiter fram i dagen

Sjøl om Fosen ikkje kan reknast blant dei store folkekunstområda, så vart det funne mykje fint handverk på turen, og det er ei glede å kunne vise fram noen av dei gamle skjønnheitene.

Det må understrekast at gjenstandane er gamle, falma og til dels skada. Vi må prøve å sjå dei gamle skjønnheitene for oss i sin ungdommelege glans, og prøve å sjå bort ifrå dei merka som tidens tann har sett på dei.

Foto: Johan G Foss.

 


Detalj frå ei sengeside på Vingsandgården, med ein velforma navneinskripsjon, «Nekoline A.d. Wingsand». Eigaren var Nikoline Abrahamsdatter Vingsand (1819–1873). Sjå nøye på inskripsjonen. Den som har måla dette, har hatt kontroll over penselen!

 


Lite skrin med karveskurd frå Johan Eian-stua på Utro. Karveskurd, med mykje bruk av passar, var ein vanleg dekorasjonsteknikk i folkekunsten. På dette skrinet er det også skåre inn hjarter, noko som kan tyde på at skrinet er laga som kjærleiksgåve (festargåve). Under lokket er forbokstavane A A D vakkert innskore (og årstalet 1888 påskrive, truleg seinare). Skrinet har seinare også vorte måla med ein farge som ikkje er den opprinnelege.

 


Navneskilt frå ein båt i Bjugn Bygdatuns samling. Skiltet har stått på ei seglskøyte som tilhørte Hans Tårnes frå Åfjorden. Eit navneskilt var gjerne svært forseggjort. Det skulle pryde båten, ikkje skjemme han!

 


Mangletre i Bjugn Bygdatun. Mangletre vart brukt til å rulle (glatte) dukar, laken o.l. med. Dei vart ofte brukt som festargåve (forlovelsesgåve), og var gjerne vakkert utforma. På dette mangletreet les vi årstalet 1844 og namnet AneMartha. Skjeraren har heva t’en i namnet og forma han som eit kors, sikkert ein sterkt meiningsberande detalj. Kanskje Ana Martha var haugianar?

 


Sveipa korg med fin rosemåling frå 1868 i Yrjar heimbygdslags samling. Slike korger vart brukt til flatbrød og som beiningskorger – til å bera selskapsmat i – og var ein av gjenstandstypane som gjerne vart rosemåla.

 


Namnkavl på Uthaugsgården på Ørlandet, brukt som eigarmerke på sildegarn. Denne kavlen tilhørte Kasper Ophaug og vart laga i 1874. Dette er eminent treskjæring! Den som skar dette, hadde kontroll på kniven!

 


Vevspjelk (vevtempel, vevspenne) i museet Kystens Arv, visstnok frå Hansvollen på Stadsbygda. Slike vart brukt til å spenne ut veven medan dei vov, slik at jarane på begge sider vart jamne. Dette var ei vanleg forlovelsesgåve og var ofte svært forseggjort. Initialane til jenta kunne vera skåre inn, slik som her – K O D H.

 


Smørfisk frå Djupdalen i Rissa, visstnok laga av Hågen Dybdahl (1839-1930), no hos Audun Dybdahl på Litlenget. Den består av to former som kan fyllast med smør og leggast saman, og dermed forme smøret som en fisk.

 

Gamle, lekre ting fins det mange av rundt omkring i heimane. Fosen historielag oppfordrar dei som har noen, om ta bilde av dei og sende bilde og opplysningar om gjenstandane til
Fosen historielag, Naustveien 179, 7100 Rissa,
eller til post@fosen-historielag.no.

Det same gjeld gamle bygningar, frå før 1860. Send foto og opplysningar til Fosen historielag.

Arkeologiske artikler i Fosen historielags årbøker

 

Forfatter Tittel Årbok,
side
Th Petersen: Trekk fra oldtidens bosetning i Fosendistriktene 1947:9
Utsolgt
Sverre Marstrander: Fortidsminner. Registrering og fredning 1949:39
Utsolgt
Ingrid Sannes Johnsen: Runeinnskrifter i Fosen 1969:7
Oddmunn Farbregd: Arkeologisk utgraving på Å i Snillfjord 1971:15
Fredrik Gaustad: Noen skjelettbegravelser fra Ørlandet 1972:86
Fredrik Gaustad: Steinalderkunst fra Stadsbygd. Et helleristningsfunn på Rein 1976:105
Oddmunn Farbregd: Funn og fornminne på Selnes i Snillfjord 1978:31
Utsolgt
Kalle Sognnes: Steinalderens bergkunst på Fosenhalvøya 1979:7
Kalle Sognnes: Arkeologiske undersøkelser på Klakken i Bjugn 1980:51
Kalle Sognnes: Arkeologiske undersøkelser på Kråkvåg i Ørland 1986:7
Kristian Pettersen: På sporet etter de første fosninger 1991:27
Torunn Herje: Valseidet i Bjugn – et høvdingsete i eldre jernalder 1991:29
Inge Aarseth: Hvordan var det på Frøya før siste istid? 1995:17
Kåre Rokoengen og Marek E. Jasinski: Sagakongenes byggeaktivitet på Agdenes. Spor etter kong Øysteins havn i ord, jord og fjord 1996:7
Leif-Johan Igeltorp: Bronseøks fra Fevåg 1996:65
Merete Moe Henriksen: ”Til mat og klede den mann har trong som over fjell har fare”. Ferdsel og jernalderbosetning i Agdenes og Snillfjord 1998:7
Geir Grønnesby: Langhus fra eldre jernalder på Hovde 2000:41
Johan Anton Wikander: Solur eller kompassrose på Halten? 2003:7
Kalle Sognnes: Allmenningsværet i Roan – fiskevær gjennom tusenår 2005:7
Johan Anton Wikander: Solur eller kompassrose ved uthavnen Kråkvåg? 2005:23
Kristian Pettersen Anders Nummedal. Geologen og arkeologen som fant de tidligste spor etter mennesker i Fosen 2012:7
Leidulf Hafsmo: Varder og veter i Fosen 2014:69

Oversikt over Fosens forhistorie finner du ellers i
Fosens historie, bind 1 (2005).

Slik får du kjøpt bøker fra Fosen historielag

Finst det meir stoff om Guri Kunna?

Av Johan G Foss

Guri Kunna er den sentrale sagnfiguren i Fosen. Det har vore fortalt mange forteljingar om ho, særleg på Frøya, Hitra og i Nordfosen (Fosenhalvøya).

Eg har gått ut frå at det aller meste av det som er fortalt om ho, er skrive ned. Men her ein dag fekk eg høre noko som fekk meg til å lure på om det enno finst tradisjon om Guri Kunna som ikkje er nedskrive.

Eg fekk høre at fiskarane ofra til Guri Kunna. Når fisket var dårleg, hiva dei ut ein fisk til ho. Dersom dette vart gjort (eller at det finst tradisjon om at det vart gjort), er det ei viktig opplysning, som iallfall eg har vore ukjent med. Er det noen som har hørt om dette, så gi meg ei tilbakemelding.

Eg fekk også høre at Guri Kunna var den åttande av Dei sju søstre på Helgeland. Sagnet om desse søstrene fortel at dei hadde lurt seg ut for å danse ei natt, og så kom dei seg ikkje i skjul før sola stod opp, og dermed vart dei til stein. Noen sagn går ut på at Lekamøya var den åttande søstera. No får eg høre at Guri Kunna var den åttande. Ho langa til sørover og kom seg i skjul på Kunna i Froan før sola rann, og dermed berga ho livet. Er det noen som har hørt om dette – eller hørt andre interessante forteljingar om Guri Kunna?

I og med at Guri Kunna har ein så sentral plass i sagntradisjonen i Fosen, er det viktig å få tatt vare på mest muleg av det som har vorte fortalt om ho. Hugsar du noe som dei gamle fortalte, så skriv det ned, eller ta kontakt.

Johan G Foss
j-g-foss@online.no
954 02 921

Gurihamna i Tarva

Guri Kunna var knytt til øya Kunna i Froan, men det finst også andre Guri-lokalitetar i Fosen. Bildet viser Gurihamna på Tarva, tatt mot nord. Dette er ei fin naturhamn med eit trolsk bergparti (til venstre i bakgrunnen) som kan ha leia tanken mot Guri Kunna. Foto: Oddmund Grøttan, Tarva.

Det går litt tregt å få inn pengebidrag til Fosens historie

Arbeidet med bind 2 av Fosens historie har pågått sia høsten 2015. Per Christiansen og Svein Henrik Pedersen er i full gang med skriving. Men prosjektet er ikke fullfinansiert. Det er kostnadsrekna til 2,5 mill kr. Fosen historielag stiller 800.000 kr av oppsparte midler. Resten må skaffes fra andre støttespillere. Der er søkt om midler både fra kommunene, fylket, næringsliv, banker og gavefond, men foreløpig er det bare kommet inn 54.244 kr.

Bidragene er kommet fra Osen kommune, Roan kommune, Rissa kommune, BeWi produkter og Øystein Syltern.

Kommunene er søkt om en bidrag på 4 kr pr innbygger pr år i 3 år. Det vil gi 450.000 kr, altså ca halvparten av det Fosen historielag allerede har lagt inn i prosjektet. Én kommune har gitt avslag på søknaden, begrunnet i dårlig kommuneøkonomi.

Vi risikerer at prosjektet ikke blir fullfinansiert. Vi vil greie å skaffe midler til å lønne forfattere og redaktør, slik at innholdet i bindet kan ferdigstilles, men at utgivelsen må eventuelt utsettes til finansieringa er på plass.

Les mer om Fosens historie bind 2 her.

 

Vellykka årsmøte i Stjørna

Årsmøtet 2016 ble avvikla i Fritun forsamlingshus i Sørfjorden i Stjørna, Rissa, lørdag 4. juni, med 35 medlemmer til stede, som alle lot til å være godt fornøyd med møtet. Møtet ble omtrent slik som vi ønsker at et årsmøte i Fosen historielag skal være: hyggelig, innholdsrikt (men ikke overlessa), passende formelt og passende uformelt.

Årsmøtet 2016 1

Eilert Bjørkvik var vert, og han holdt også foredrag om Stjørnas historie. I tillegg var det musikk- og sanginnslag av en kvartett under ledelse av Tore Otterstad, og det ble servert herlig ferskfiskball til middag, levert av Marthabrygga i Råkvåg (Gunn Småvik).

Årsmøtet 2016 2
Eilert Bjørkvik i inspirert foredrag om
Stjørnas historie.

Etter middagen tok Eilert deltakerne med på vandring og omvisning i bryggerekka i Råkvågen.

Årsmøtet 2016 3

 

Årsmøtet

Lederen, Johan G Foss, leda sjølve årsmøtet. Fra møtedeltakerne ble uttrykt tilfredshet med det arbeidet som var gjort i løpet av året: god årbok, ekstra bokutgivelse («Doktorbåten»), ny nettside, arbeid med Fosens historie bind 2 og to fyldige meldingsblad.

Men medlemstallet synker – 27 i avgang i løpet av regnskapsåret, og medlemmene ble bedt om hjelp til å verve nye medlemmer.

En annen utfordring er å fullfinansiere arbeidet og utgivelsen av Fosens historie bind 2. Det arbeides for fullt med å skaffe midler, med søknader til kommuner, fylkeskommune, stiftelser og bedrifter. Det søkes om beskjedne 4 kr pr innbygger fra kommunene. Osen er den første kommunen som har bevilga sin andel.

Ellen Aanes Draagen fra Hitra og Bjørn Nilsen fra Snillfjorden gikk ut av styret på dette årsmøtet. De takkes for innsatsen. Inn kom Berit Johanne Vorpbukt fra Hitra og Johan Mjønes fra Snillfjord.

Det nye styret består av
Johan G Foss, Frøya, leder
Ernst Øyangen, Trondheim
Helge Bueng, Åfjord
Johan Mjønes, Snillfjord
Berit Johanne Vorpbukt, Hitra

Varamedlemmer:
Eilert Bjørkvik, Rissa (fast møtende vara og kasserer)
Jostein  Selnes, Snillfjord
Bernt Jørgen Stranden, Bjugn