Folkekunst i Fosen

1750–1850 var den store blomstringstida for norsk folkekunst.

Samanlikna med dei indre bygdene i Sør-Trøndelag er ikkje Fosen kjent som eit område med rik folkekunst. Men folkekunsten her er lite undersøkt. I Fosen historielag har det vore eit ønske å undersøke dette nærare.

Det er bakgrunnen for eit prosjekt som historielaget har sett i gang. Konservator Ola Grefstad og Johan G Foss har gjennomført tre turar og besøkt museums­samlingar på Fosenhalvøya, Agdenes (Lensvika), Frøya og Hitra, i tillegg til Trøndelag Folkemuseum på Sverresborg.

Ola Grefstad og Joar Tøndel på stabburstroppa på Frosta gård, Lensvik bygdemuseum, september 2017.

Dei kommunane som gjenstår, er Åfjord, Hitra og Hemne/Snillfjord. Hemne er rekna som det området som er rikast på gammal folkekunst i Fosen.

I Samlingane på Sverresborg er det også mange gjenstandar frå Fosen, som vil bli gjennomgått.

 

Fargane kjem inn i husa

Blomstringa av folkekunsten var ein del av ei større utvikling av kultur og leveforhold. Det var i denne perioden fargane kom inn i husa. I dei gamle røykstuene var det lite av dekorasjonar. Dei nye bygningane som kom på 1600- og 1700-talet med peis, murpipe og loft, skapte eit nytt tilvære for folk. Romma vart både røykfrie og lysare. Lysopningen i taket vart erstatta av vindauge i veggene som gav meir lys. Dermed vart det meir vits i å bruke måling og dekorere møblar og andre gjenstandar.

Dette er den bygningshistoriske bakgrunnen for den store blomstringa av folkekunsten. Treskjæring hadde ein drive med frå gammalt, no kom målinga og fargane inn i dekorasjonskunsten.


Da fargane kom inn i husa. Her er restar etter autentiske fargar frå midten av 1800-talet i ei fiskarbondestue frå Gurvikdalen på Frøya, no på Frøya bygdemuseum. Dører og dør­karmar er måla i brunt, dørfylling i blått, takbjelker i blått (ultramarin), himling og stussbrett i kvitt, stussbretta med grønn list nedst, mjølkehyller i mørk grønt (oppe til venstre). Også veggene har vore måla, med kvit limmåling, som det berre er restar igjen av. Fiskarbonden i Gurvikdalen hadde ei lys, fargerik og vakker stue den tid målinga var ny. Kjøkenet i bakgrunnen vart det verken spandert panel eller måling på (vi ser litt av grua til høgre og lofttroppa til venstre).

 

Folkekunst-prosjektet i Fosen –
12 samlingar besøkt pr 1. mai 2018

Samlingar som er besøkt og talet på gjenstandar som er fotografert:

Osen Bygdatun, Vingsandgården           12
Roan bygdetun, Utro                                 15
Bjugn Bygdatun, Mølnargården              21
Yrjar heimbygdslag, Ørland                     22
Uthaugsgården, Ørland                            25
Museet Kystens Arv, Indre Fosen           13
Litlenget, Rissa, Indre Fosen                   16
Frøya bygdemuseum                                 39
Lensvik bygdemuseum, Agdenes            28
Rissa bygdemuseum, Indre Fosen          63
Kystmuseet, Hitra (foreløpig)                  10
Sverresborg, Trøndelag folkemuseum   14
Diverse                                                         ca 50

I alt er omkring 300 gjenstandar som kan gå under nemninga folkekunst, fotografert og registrert. Da har vi rekna med ein del foto og opplysningar om folkekunst-gjenstandar som er komme frå privatpersonar i Fosen.

Alle stader vart det sett pris på besøket. Alle var interesserte i at skjulte skattar i samlingane blir trekt fram, og at vi kan få meir kunnskap om gjenstands­kulturen og folkekunsten i Fosen.

 

Materialet blir analysert

Ola Grefstad er no i ferd med å analysere materialet og prøve å trekke noen konklusjonar, m.a. prøve å finne ut kva som er laga i Fosen og kva som har komme andre stader ifrå, om det er noen lokale «hender» som går igjen i materialet, om omreisande kunstnarar har verka her og kvar desse i tilfelle kom frå. Var det slik som konservator Elling Alsvik har antyda, at Fosen var en kulturprovins av Orkdalsregionen?

Pr 1. mai 2018 har Grefstad kommentert godt over 100 gjenstandar. Det er eit viktig arbeid han gjer, ikkje minst for samlingane der gjenstandane hører heime. Dei vil få kommentarane hans, og dei vil også få tilbod om foredrag om materialet.

Eksempel på registrering og kommentar

Her er egistrering og kommentar til den første gjenstanden som vart fotografert på registreringsrunden 7.–9. august 2017:
Kråskap, skatoll, på Osen Bygdatun, Vingsandgården.

Fra museets registreringskort: Kråskap. Gjenstandsnr. OS-001. Høyde 205, bredde 120.
Innskrift i gult på dører oppe: «H.L.P.S  M.M.H.D.S. 1838».
Ifølge gammel protokoll: Henrik Lorents Pedersen Strand og Martha Margrethe Hansdtr. Strand.
Gitt av Magne Osen. Tidligere eier: Morten Henriksen.

Tilleggsopplysninger: Frithjof Aune opplyser at familien kom til Vingsand i 1840-åra. De kom opprinnelig fra Beitstaden, men flytta først til Strand i Osen og bodde der ei tid, før de flytta til Vingsand.

Ola Grefstads kommentar: Dette fine hjørneskapet ser ut for å være helt intakt og uforandret siden det var nytt i 1838. Det var nok helt moderne og på høyde med lignende type skap i samtida i hele Trøndelag. Det kunne f.eks vært både fra Orkdalføret og Rørostraktene når det gjelder utforming, dekor og maling/farger. I dørspeilene er det romber og ringer med rifler, dette er et dekorasjonsmotiv som er typisk for klassisismen i sent 1700-tall og empirestilen i første del av 1800-tallet. Den rett oppstående gjennombrutte karnissen [øverst] med tannsnitt-lister er og typisk for tida. Den brune treimitasjonsfargen og de sterke røde og blå fargene på fyllinger og listverk er og helt etter tiden. Skapet har skriveklaff og har nok hatt en hedersplass i interiøret. De rombeformede nøkkelskiltene, mulig i elfenben men helst i perlemor, er en fin påkostet detalj.
Familien på Strand kom flyttende fra Beitstaden, før de i 1840 åra flyttet til Vingsand. Men da skapet har initialer med S som familienavn, tyder det på at iallefall er skapet malt mens familien bodde på Strand i Osen, om det ikke er laget der, men det kan godt være at det også er laget der.

 

Gamle skjønnheiter fram i dagen

Sjøl om Fosen ikkje kan reknast blant dei store folkekunstområda, så er det funne mykje fint handverk, og det er ei glede å kunne vise fram noen av dei vakre gjenstandane som er registrert. Dette er ikkje Ikea-varer!

Det må understrekast at gjenstandane er gamle, falma og til dels skada. Vi må prøve å sjå dei gamle skjønnheitene for oss i sin ungdommelege glans, og prøve å sjå bort ifrå dei merka som tidas tann har sett på dei. Med litt databehandling kan vi også friske opp fargane.

Foto: Johan G Foss.

 


Detalj frå ei sengeside på Vingsandgården, Osen bygdatun (OS-493), med ein velforma navneinskripsjon, «Nekoline A.d. Wingsand». Eigaren var Nikoline Abrahamsdatter Vingsand (1819–1873). Sjå nøye på inskripsjonen. Den som har måla dette, har hatt kontroll over penselen!

 

Rosemåla dør frå eit kråskap på Osen bygdatun (OS-880). Ein vakker komposisjon av såkalla akantusrankar. Dette er fint målararbeid (fargane er her litt forsterka), men det aller finaste er treskurden. Dekorasjonen er først skore ut, og så måla. Dette kjem betre fram på detaljfotoet nedafor. Skapet er truleg laga i Orkladalføret, truleg i første halvdel av 1800-talet. Den symmetriske ranken som kjem opp frå ein vase, var eit typisk motiv der.


Detalj frå dekorasjonen ovafor. Her kjem både treskjæringa og målararbeidet klart fram, men også skadane og slitasjen. Og motthola.

 


Lite skrin med karveskurd i Johan Eian-stua på Utro, Roan bygdatun. Karveskurd, med mykje bruk av passar, var ein vanleg dekorasjonsteknikk i folkekunsten, særleg på Vestlandet og i kystområda. På dette skrinet er det også skåre inn hjarter, noko som kan tyde på at skrinet er laga som kjærleiksgåve (festargåve). Under lokket er forbokstavane A A D vakkert innskore (og årstalet 1888 påskrive med blå blyant, truleg seinare). Skrinet har også vorte måla med ein farge som ikkje er den opprinnelege.

 


Liten smørdall på Roan bygdatun, i Bakkastua på Utro (ROB-022). Heile dallen er berre 13 cm høg, og sida er laga av eitt trestykke. Botnen er «krympa» inn, ved at sida vart trutna i vatn, og den tørre botnen deretter pressa inn. Slike boksar blir kalla krympeboksar. På den eine sida er påmåla initialane «A J S R», i botnen innskåre «H C H» (sjå teikninga nedafor). Slik dallen framtrer i dag, kan den knapt seiast å vera pen, men i si tid var dette ein vakker, liten bruksgjenstand, med både skurd (utskjæringar) og måling. Målinga (mørk grønn med kvite bokstavar og brun ring øvst og nedst) er sikkert yngre enn skurden. Det var ofte at gamle, utskorne gjenstandar seinare vart måla.


Teikning av smørdallen (krympeboksen).
Teikning: LKH 1988

 


Side av sveipa korg i Bjugn Bygdatun (BJB-0147). Korga har opprinneleg hatt svidekor som sidan er måla over med enkel rosemåling, med fleirfarga blad og bærknoppar.

 


Mangletre i Bjugn Bygdatun (BJB-152). Mangletre vart brukt til å rulle (glatte) dukar, laken o.l. med. Dei vart ofte brukt som festargåve (forlovelsesgåve), og var gjerne vakkert utforma. På dette mangletreet les vi årstalet 1844 og namnet AneMartha (tydelegare vist på fotoet nedafor). Skjeraren har heva t’en i namnet og forma han som eit kors, sikkert ein sterkt meiningsberande detalj. Kanskje Ana Martha var haugianar? – Motten (borebilla) treivst godt ute på kysten og forsynte seg grådig av hus og tregjenstandar.


Detalj frå mangletreet BJB-152. Skore med stø og kjærleg hand.

 


Døroverdel, del av ein dørportal, frå ei stuelån på Bjugnholmen i Bjugnfjorden, no i Yrjar heimbygdslags samling (YHL-1642). Portalen har i tillegg sikkert hatt ei søyle på kvar side av døra. Portalen har vore måla, men målinga er bortslitt. Vi ser restar etter kvit måling, og etter marmorering i nedste feltet. Dekorelementa er i klassisistisk stil frå slutten av 1700-talet, med tannsnitt (øvst), bladverk, og ein medaljong, truleg med ein inskripsjon, opphengt i eit band i midten. Medaljongen har mest tuleg hatt årstal og forbokstavane til eigaren. På fornemme byhus i Trondheim kunne ein sjå slike portalar på 1800-talet, men denne kan godt vera laga lokalt.


Sveipa korg med fin rosemåling frå 1868 i Yrjar heimbygdslags samling (YHL-3242). Slike korger vart brukt som beiningskorger (til å bera selskapsmat i; fleire stader i Fosen kalt gåvåkorg), og var ein av gjenstandstypane som vart vakkert dekorert, først med sviordnamentikk, sidan med  rosemåling. Blåfargen her er typisk for tida rundt 1850. Dei to symmetriske greinene som går ut frå ei sentral rose og endar i naturalistiske roseknoppar, ser ut til å vera utført i tradisjonen etter den kjente rosemålaren Jens Christensen Blegen, frå Fåberg i Gudbrandsdalen, ein flink og produktiv målar som m.a. utførte store mårararbeid i Hemne kirke i 1817.


Kvardagskunst. Namnkavl på Uthaugsgården på Ørlandet, brukt som eigarmerke på sildegarn. Det er langsgåande hol igjennom kavlen, som «telna» på garnet gjekk gjennom. Denne kavlen tilhørte Kasper Ophaug og vart laga i 1874. Den som skar dette, truleg eigaren, hadde kontroll på kniven.


Måleri på ein sengekant på Uthaugsgården på Ørlandet. Måleriet skal vera av erkebispegården i Trondheim, men er det nok ikkje. Sengekanten har i tillegg inskripsjonen: «Olava Estensdatter Bakken – Aar 1851». Sengekanten er elles full av motthol.

 


Navneskilt frå båten «SEIONS LØVE» i Lofotdrift-utstillinga på Kystens Arv (namnet på båten var vel «Sions løve», tilsvarande den bibelske Sions vektar). Skiltet skal vera laga av Gerhard Hansvold. Båten skiltet var laga til, var bygd og heimehørande på Stadsbygda (bygd 1894). Men skiltet kom aldri i bruk på båten. Dei gotiske bokstavane er kreativt utforma, nesten til det uleselege. I folkekunsten finn vi slike bokstavformer i mange variantar.


Vevspjelk (vevtempel, vevspenne) i museet Kystens Arv, visstnok frå Hansvollen på Stadsbygda. Slike vart brukt til å spenne ut veven medan dei vov, slik at jarane på begge sider vart jamne. Vevspjelk var ei vanleg forlovelsesgåve og var ofte svært forseggjort. Initialane til jenta kunne vera skåre inn, slik som her – K O D H.

 


Smørform med utsøkt og spesiell treskurd i Rissa bygdemuseum (RIB-781), bl.a med «smetta rosett» i det andre feltet. På nedre kanten les vi speilvendt «B I D K 1847». Godt treskjærararbeid, dette!

 


Ølbolle fra 1700-tallet i Rissa bygdemuseum (RIB-118). Langs kanten har den inskripsjonen «A N N O 1761».


Bandgrind i Rissa bygdemuseum (RIB-534) med gjennombrotne, turbinaktige sirkelrosettar. God treskjæring, dette, òg! Bandgrinda har årstalet 1854, og på andre sida «M. N.D.». Bandgrinder vart brukt til å veva band med, hoseband f.eks.


Eine enden av ein gammal vevspjelk i Rissa bygdemuseum (RIB-122), med alderdommeleg treskurd, og med fiskar. Figurframstillingar som dette er heller sjeldne i folkekunsten, maritime figurar enda sjeldnare.

 


Smørfisk frå Djupdalen i Rissa, visstnok laga av Hågen Dybdahl (1839-1930), no hos Audun Dybdahl på Litlenget i Skaudalen. Den består av to former som kan fyllast med smør og leggast saman, og dermed forme smøret som en fisk.


Vakkert skatoll med bua skyvelokk på Litlenget i Skaudalen, laga i 1865. Skatollet har truleg vore på Litlenget sidan bruket vart etablert i 1882, og truleg er det den første oppsittaren, Andreas Olsen Skaug (1836–1903) som har fått det dit. Under lokket på den øvste skuffa står det skrive med blyant: «Andreas Olsen Skaug Skaudallen 1865 haver giordt Dette». Trass i namnelikskapen er det visst ikkje oppsitteren på Litlenget som har laga møblet. I Skaudalen finst det mange slike skatoll frå denne tida (Audun Dybdahl).

 


Sideplate av ei sveipa korg på Frostad gård, Lensvik bygdemuseum. Korga er ødelagt, men delar av den vakre dekorasjonen er bevart, og plata gir eit inntrykk av korleis slike korger vart laga.


Også hesten skulle ha fint utstyr. Her eit høvre, «sålå» (sele), med svarte blomsterrankar påmåla. På baksida les vi «Ole Olsen Frostad – 1844». Høvret befinn seg på Frostad gård, Lensvik bygdemuseum.

 


Smørform frå 1841 med mange figurmotiv i Frøya bygdemuseum (FR-108). Oppe til venstre les vi «1841» og «B I D E». Figurmotiv var ikkje så vanleg i folkekunsten, men her har vi fleire på eitt brett; ein jeger som skyt ein fugl, eit skip med rigg og anker, ei kvinne som står og kinnar smør, den norske løve, ei ku som står framfor krybba, og eit anker på kanten nede til venstre. Dei maritime figurane (skip, anker) knytter denne smørforma til kysten.


Bandgrind i Frøya bygdemuseum (FR-114), med blomsterdekor i fint utskåre og måla relieff. Midt i er det ei vogn med ein person som blir drege av to fuglar. Dette motivet kan vera henta frå ein omn som vart produsert ved Odals Verk i siste del av 1700-talet, der sideplata framstilte Venus som vart trekt av svaner. Desse omnane fanst det ein del av rundt omkring på bygdene.

 


Kråskap frå Ørlandet, måla i 1832, no på Sverresborg Trøndelag Folkemuseum. Skapet heng no i Kråkøystua frå Kråkøya i Roan. Skapet er halde for å vera måla av Johan Kristoffersen Solbu på Grande på Ørlandet, men han var fødd i 1826, i Orkdalen, og kom ikkje til Ørlandet før i 1847, så han kan vanskeleg ha måla skapet.

 


Inskripsjon og blomsterdekor på ei seng frå Grande på Ørlandet, no på Sverresborg Trøndelag Folkemuseum. Senga står i Kråkøystua frå Roan, men har nok ikkje hørt til der. Denne senga kan vera måla av Johan Kristoffersen Solbu. Han vart gift med ei enke på Grande i 1856.

 


Kvardagskunst. Inskripsjon på ein skyttel i Frøya bygdemuseum (FR-678a). Dei vakre bokstavane er skore inn med ei stø og kjærleg hand. Dette kan godt vera ei kjærleiksgåve. Inga jente kunne vel stå imot når ho fekk ei sånn gåve – der det vaks blad ut av bokstavane hennes! Det er så ein får tårar i auga.

 

Gamle, fine ting fins det mange av rundt om i heimane. Fosen historielag oppfordrar dei som har slike, til å fotografere dei og sende bilete og opplysningar til
Fosen historielag, post@fosen-historielag.no,
eller til Naustveien 179, 7100 Rissa.

Det same gjeld gamle bygningar, frå før 1860. Send foto og opplysningar til Fosen historielag.

 

Johan G Foss