Finst det meir stoff om Guri Kunna?

Av Johan G Foss

Guri Kunna er den sentrale sagnfiguren i Fosen. Det har vore fortalt mange forteljingar om ho, særleg på Frøya, Hitra og i Nordfosen (Fosenhalvøya).

Eg har gått ut frå at det aller meste av det som er fortalt om ho, er skrive ned. Men her ein dag fekk eg høre noko som fekk meg til å lure på om det enno finst tradisjon om Guri Kunna som ikkje er nedskrive.

Eg fekk høre at fiskarane ofra til Guri Kunna. Når fisket var dårleg, hiva dei ut ein fisk til ho. Dersom dette vart gjort (eller at det finst tradisjon om at det vart gjort), er det ei viktig opplysning, som iallfall eg har vore ukjent med. Er det noen som har hørt om dette, så gi meg ei tilbakemelding.

Eg fekk også høre at Guri Kunna var den åttande av Dei sju søstre på Helgeland. Sagnet om desse søstrene fortel at dei hadde lurt seg ut for å danse ei natt, og så kom dei seg ikkje i skjul før sola stod opp, og dermed vart dei til stein. Noen sagn går ut på at Lekamøya var den åttande søstera. No får eg høre at Guri Kunna var den åttande. Ho langa til sørover og kom seg i skjul på Kunna i Froan før sola rann, og dermed berga ho livet. Er det noen som har hørt om dette – eller hørt andre interessante forteljingar om Guri Kunna?

I og med at Guri Kunna har ein så sentral plass i sagntradisjonen i Fosen, er det viktig å få tatt vare på mest muleg av det som har vorte fortalt om ho. Hugsar du noe som dei gamle fortalte, så skriv det ned, eller ta kontakt.

Johan G Foss
j-g-foss@online.no
954 02 921

Gurihamna i Tarva

Guri Kunna var knytt til øya Kunna i Froan, men det finst også andre Guri-lokalitetar i Fosen. Bildet viser Gurihamna på Tarva, tatt mot nord. Dette er ei fin naturhamn med eit trolsk bergparti (til venstre i bakgrunnen) som kan ha leia tanken mot Guri Kunna. Foto: Oddmund Grøttan, Tarva.