Audun Dybdahl med ny bok: «Med angel og not»

Audun Dybdahl gav i 2018 ut ei bok med eit vektig bidrag til historia til midtnorsk kystkultur, nemleg om utviklinga av fiskereiskapar frå steinalderen og fram til motoralderen (omkring 1900) – eit svært tema og ein svært lang periode med mange fangstmåtar og reiskapstypar som det kan vera vanskeleg å ha oversikt over. Her får vi god hjelp.

 

Vår anmeldelse (Johan G Foss):

Audun Dybdahl har i haust berika midtnorsk historie med ein solid studie innan kystkulturen, eit oversiktsverk om utviklinga av reiskapskulturen i sjøfisket frå steinalderen og fram til omkring 1900.

Audun Dybdahl. Foto Universitetsavisa.

Audun Dybdahl, professor emeritus i historie og ekte rissværing, har i løpet av eit halvt hundreår gitt ut eit tjuetals bøker og ei lang rekke artiklar over eit vidt historisk spekter. Dels dreier det seg om bøker som bearbeider viktig historisk kjeldemateriale, som tiandpengeskatten 1520, eller viktige emneområde, som jordeigedomsforhold, dels dreier det seg om kulturhistoriske emne – som jord- og kornbehandling, fôr, fe og mjølkestell, matstell, tekstil- og kledestilverking, byggeskikk, framkomst­middel, namneskikk, helgendyrking, primstaven og mykje meir.

I 2011 fekk Audun Dybdahl pris for «Årets tidsskriftartikkel» i 2010.

I Fosen har vi drege fordel av den historiske kompetansen til Dybdahl gjennom boka om Reins kloster, artiklar i Årbok for Fosen, og særleg gjennom dei to banda med allmenn bygdehistorie for Rissa, ei av dei få bygdebøkene av denne typen i Fosen som held fagleg mål.

I 2016 gav Dybdahl ut boka Klima, uår og kriser i Norge gjennom de siste 1000 år, der han samanfattar forskning frå fleire fagområde. Dette er ei nyttig bok for alle som arbeider med norsk historie. Vekslingane i klima og åringar har utan tvil spela ei stor rolle for folketalsutvikling, busetting og levekår. Men dette er faktorar som det er vanskeleg å ha oversikt over, og som ofte også blir oversett i historiske analysar og framstillingar. Dybdahl har sjølv kjent behovet for å trekke klimaendringane meir inn i historieforskinga, og med denne studien har han gitt både seg sjølv og oss andre god hjelp.

Med angel og not

Dei siste åra har Dybdahl teke for seg sjøbruket, og har no altså gitt ut ei bok om fiskereiskapar i Midt-Noreg gjennom tidene. Her dreier det seg ikkje om sjølve fisket, fangstmengder osv, men om dei teknologiske og kulturelle aspekta ved fisket, reiskapskulturen, medrekna tilverkinga av reiskapane, og dei endringane som har funne stad gjennom tidene.

Audun Dybdahl har skaffa seg god oversikt over temaet, over litteratur, forsking og det som finst av gjenstandar og lokalinformasjon på musea rundt omkring i området. Det er bra at Dybdahl med sin kapasitet har teke for seg temaet og berika midtnorsk kysthistorie med dette arbeidet. Det har vorte eit oversiktleg verk som vi fotsoldatar i faget og alle som er interesserte i midtnorsk kysthistorie, vil ha nytte og glede av. Boka er ikkje på meir enn 235 sider, men har om lag 350 illustrasjonar, og alt ber preg av dybdahlsk soliditet.

I boka blir det lagt stor vekt på bilet-dokumentasjonen. Ambisjonsnivået er høgt: den som kjem over ein gjenstand med tilknytning til fiske, skal kunne identifisere gjenstanden ved hjelp av illustrasjonane i boka. Det gjer boka til eit oppslagsverk som det knapt finst maken til i Noreg. Vi må tilbake til Ole Nordgaards Træk av fiskeriets utvikling i Norge frå 1908 for å finne noko som liknar.

Lite å sette fingeren på

Det som ein måtte ha av innvendingar, blir småtteri i denne samanhengen. Dybdahl har fått med seg det meste, og eg har så langt ikkje oppdaga feil av betydning. (Kanskje har det snike seg inn ein feil i biletteksten øvst s. 89; truleg skulle det her ha stått dorging i staden for hiling.)

Snørestein fra Langfallklakkan, Mausund. Foto Johan G Foss.

Éin ting har Dybdahl ikkje fått med seg: ein svært interessant snørestein som er fiska opp frå 60–100 m djup på Langfallklakkan, 13 km utafor Mausund. Det interessante med den er at fatl-snøret på steinen er bevart. Steinen befinn seg no på privat museum i Mausund. Kanskje blir denne steinen nærmare omtala i ein artikkel i Årbok for Fosen 2019.

Eitt av problema Dybdahl stod overfor, var nemningsbruken. Ein og same reiskapen kan ha ulikt namn frå den eine bygda til den andre. Dybdahl har derfor valt normalnemningar – men har dermed hamna på uheldigheiter som «dypsagn», mistydingar som «jarstein», uforståelegheiter som «et forsyn» og fremmendelement i talemålet som «en angel». Etter mitt syn hadde det vore betre å velje former som ligg nærare etymologien og dialekten, eller iallfall å seie litt om opphavet til orda og drive litt «språkleg arkeologi».

Lesaren kan elles gle seg over eit godt stikkordsregister, og at Dybdahl brukar fotnoter på sidene, så vi ser med ein gong kva det gjeld og slepp å slå opp bak.

Men så kan vi irritere oss litt over at gjenstandsfotoa ofte er presenterte i grupper, med samla bilettekst under.

Små skår i den store gleda!

Johan G Foss

 

Audun Dybdahl:
Med angel og not
Museumsforlaget, 2018
390 kr