Hos store godseigarar var innkreving av landskyld ein omfattande affære. Nonneklosteret på Rein i Rissa åtte på reformasjonstida eit par hundre gardar og gardparter som til saman «skyldte» 225 spann (à 15,5 kg smør). Men gardane låg spreidd over eit stort område, frå Romsdalen til Namdalen, med tre tyngdepunkt: Rissa–Stadsbygda, Osen–Roan og Innherad. Å samle inn landskylda var ein stor og brysam affære. Hadde det enda berre vore smør, men leiglendingane kom med alle slags varer, til og med levande krøtter. Her tvidde nok nonnene seg av og let det mannlege tenarskapet overta!
Rekneskapen for Trondheim len i 1548/49 – ei gullgruve
Vi veit ikkje nøyaktig kva landskyldvarer nonnene i Rissa fekk inn. Men vi veit nøyaktig kva erkesetet, Elgeseter kloster og Holms kloster på Munkholmen fekk inn. Tala er rett nok frå 1548/49, 12 år etter reformasjonen, da klostera var avvikla og landskylda gjekk til lensherren i Trondheim len, men landskyldbetalinga var ganske sikkert den same.
Lensherren i Trondheim len tok over erkebiskop Olav Engelbrektssons festning på Steinvikholmen som sin residens etter reformasjonen i 1537 og budde der fram til 1556. Christoffer Galle var lensherre her i sju år, frå 1546 til 1553. Frå hans tid er det bevart ein rekneskap, for 1548/49, som gir gode innblikk i økonomiske og administrative forhold i Trøndelag på denne tida. Fotoet er henta frå snl.no.
Heldigvis for oss vart erkebispegodset og godsa til Holms kloster og Elgeseter kloster ikkje slått saman etter reformasjonen, men rekneskapsført kvar for seg.
Rekneskapen føreligg også i trykt form: Norske lensrekneskapsbøker, bind 6, utgitt av Riksarkivet i 1939. Her finn du Stigtens gods (stiftets, erkesetets, frå s. 73 og utover), Holms gods (Nidarholm, Munkholmen, frå s. 138) og Helligseterens gods (Elgeseter, frå s. 150).
Lensrekneskapen for 1548/49 er på mange måtar ei gullgruve. Éin flik av gullgruva består i at landskylda frå gardane ikkje berre blir ført opp i dei faste måleeiningane (spann, øre og marklag), men òg kva varer landskylda faktisk vart betalt med.
I tillegg til 1548/49-rekneskapen er det bevart samandrag av lensrekneskapane for 1557/58 og 1558/59, og dei gir gode supplerande opplysningar (Norske lensrekneskapsbøker 6, s. 185–228).
Rekneskapsåra følgde ikkje kalenderåret, men gjekk frå mikkelsmess til mikkelsmess (29. september), derfor skriv vi slik: 1548/49. (Seinare på 1500-talet gjekk dei over til å føre rekneskapen frå 1. mai, Philippi Jacobi dag.)
Utsnitt av den trykte utgåva av lensrekneskapen for Steinvikholm (Trondheim) len for året 1548/49. Utsnittet viser noen av innførslene av Holms landskyld frå Fosen. Første innførsla gjeld Mastad på Hitra. Garden skyldte 2 øre (2/3 spann smør), som oppsittaren, Oluf, betaler med 4 pund (24 kg) tørrfisk. Den neste garden er Tannvikan i Hemne (Snillfjord), som skyldte 1/2 spann. Så følgjer to gardar på Stadsbygda, og deretter seks gardar i Lensvika. Alle desse gardane låg altså, heilt eller delvis, til klosteret på Munkholmen. Holms kloster var omtrent einerådande godseigar i Lensvika. Kven «Her Haffuerd» var (i tredje innførsla), veit vi ikkje. Vi ser han stod til rest med landslott, sikkert av ei laksevorp.
Kor mykje kom inn i landskyld av krongodset, erkebispegodset og klostergodsa?
I 1548/49 fekk Christoffer Galle inn desse varene i landskyld av Trondheim len:
259 slaktenaut, altså levande kyr,
965 småfe, mest sauer,
6,7 tonn smør,
42 tonn mjøl,
28 tonn malt (spira korn til ølbrygging),
550 kg erter,
og 6 tonn tørrfisk (av skrei, såkalla «bergenfisk»).
I tillegg fekk han inn 2,5 tønner laks,
15 kg humle (til ølbrygging),
3 mårskinn,
17 ekornskinn,
67 alen vadmål,
2 tønner tjære,
4 hesteselar,
25 par taumar
og 3 reip.
Svære krøtterflokkar
Dei svære flokkane av levande landskyld-dyr påkallar spesiell interesse. Talet varierte noko frå år til år:
1548/49 259 kyr og 965 sauer
1557/58 210 kyr og 605 sauer
1558/59 226 kyr og 659 sauer.
Kva gjorde dei med alle desse dyra? – Det får vi svar på i rekneskapssamandraga for 1557/58 og 1558/59:
– 70 slaktekyr gjekk årleg til lensherren, som ein del av lønna hans,
– 85–100 kyr vart selde, levande eller som slakt,
– 50–60 kyr vart slakta og gjekk til mat på kongsgarden, og til arbeidslønn, reisemat osv.
Ein durabeleg slaktesjau
Dyra kom inn om hausten. Om våren var krøttera utmagra og knapt gangføre. Ingen godseigar ville ha slike dyr i betaling.
Lensherren prøvde nok å få selt så mykje som muleg av landskylddyra levande, men ein stor del måtte slaktast, truleg noko mellom 50 og 150 kyr, og dei måtte slaktast om hausten, før snøen kom og tok bort beitet. Etter det hadde ingen råd til å fø på slaktedyr, alt fôr ein hadde, måtte gå til dei dyra ein skulle berge gjennom vinteren.
Ein durabeleg slaktesjau stod med andre ord for døra!
Over store delar av landet leverte kyrne den viktigaste varen for betaling av landskyld, nemleg smør, men kyrne risikerte også sjølve å gå som betalingsmiddel. Omtrent all mjølke- og smørproduksjon føregjekk om sommaren. Vinteren var sveltetid for krøttera. Kyr på beite om sommaren vart gjerne samla i grinder om natta til vern mot rovdyr, og vaktaren låg i eit grindhus. Både grindene og grindhuset vart flytta omkring. I grindene vart jorda trødd opp og gjødsla. Nytt beiteland kunne dyrkast på dette viset. Teikninga er henta frå Norsk kulturhistorie, bd. 1 (1938), «Dekorativ frise av Sjåmo i Norsk Folkemuseums landbruksavdeling».
Korleis berga dei kjøttet frå å rotne?
Etter slaktinga sat lensherren ikkje lenger med ein svær krøtterflokk, men med eit kjøttberg. Om ikkje kjøttet skulle surne og rotne, måtte det konserverast. Korleis gjorde dei det?
Tørking var ein gammal og billeg, men arbeidskrevande metode. Salting var enklare, men salt kosta pengar.
Brukte dei salt?
På denne tida vart det importert ein god del salt, særleg Bay-salt frå Frankrike, ser det ut til, men det vart òg produsert salt i Noreg. På slutten av 1550-talet fekk lensherren i Trondheim inn 12–19 tynner i tiend av saltbrenninga i lenet . Men kongsgarden hadde også eigen saltkjel der det årleg vart produsert 50 tønner salt. I tillegg vart det kjøpt 30–50 tønner for å dekke behovet.
I rekneskapssamandraga blir det til og med opplyst kva saltet som lensherren fekk inn, vart brukt til. Det meste gjekk til salting av laks, selspekk og hjortekjøtt som vart tatt i vorpene og på øyane som hørte krona og erkebispegodset til. Noko av saltet vart også brukt til salting av kjøtt (slakt), men tydelegvis ikkje så mykje. Det meste av landskyld-kjøttberget må ha vorte konservert på anna vis. Ved tørking? Eller kanskje leit dei på at vinterkulden kom og fraus ned heile berget?
Ei nøkkelopplysning
Her kjem ei opplysning frå borgen på Steinvikholmen oss til hjelp. Da erkebispens garnison der overgav seg i mai 1537, får vi opplyst at dei mellom anna hadde 100 røykte nautfall – kuslakt – og 150 saueskrottar hengande.
Der har vi det. Dei berga kjøttberget etter landskylda med røyking, utvilsamt i kombinasjon med tørking. Metoden må ha vore effektiv, for dei slakteskrottane som hong på Steinvikholmen i mai 1537, var sikkert slakta om hausten, og etter eit halvt år må dei enno ha vore gode. Soldatane let seg nok ikkje avspise med bederva kjøtt.
Johan G Foss
Versjon 25 mars 2021