Dei som gav namn til holmar, skjær, båer og fluer langs kysten, var fiskarbønder, og husdyra på garden er rikt representert i namnematerialet. Låg det noe spesielt innhald i desse namna? Per Hovda har ei oversikt over bruk og tydingar i Norske fiskeméd (1961):
Hesten – holme/skjer som liknar ein hestesal.
Brunen – grunne/flu nemnt etter brottet (fargen på det?).
Faksen, Faksbåen – båar nemnt etter korleis brottet ter seg.
Oksen – kvasse grunnar som ligg farleg til i leia.
Leikua – skjer/holmar som var viktige sjømerke.
Kalven – skjer/holme som ligg attmed ei større øy.
Galten, Grisen, Purka – skjer, steinar og grunnar som ligg farleg til i leia, eller som i skapnad kan minne om ein gris.
Geita – skjer, båe eller fall med skarpe formasjonar, eller der brottet «mekrar».
Bukken – skjer/båe som ligg meins til i leia, eller holme/skjer kvasse formasjonar.
Hunden – oftast om skjer som ligg som ein vakthund utanfor hamner og vågar [men markerer også farlege stader].
Gåsa – flu som har fått namn etter lyden av brottet.
Høna – flu/stein med namn etter lyden av brottet, eller etter plassering saman med fleire mindre steinar.
Kjuklingane – vanlegvis samling av mindre steinar nær ein litt større: Høna.
Namn som Oksen, Galten, Bukken og Hunden gav varselsignal til dei sjøfarande om å passe seg.
Johan G Foss