Kvar kom fosningane ifrå?

Nei, vi tenkjer ikkje på ur-fosningane. Vi tenkjer på dei som kom flyttande hit seinare. Kvar kom dei ifrå? Ei viktig kjelde her er sjølegdrullen frå 1804, som Sverre Utseth gjengav i Årbok for Fosen 1967 og 1968. Sjølegdrullar var fortegnelser over mannskapa som var innrullerte til sjøforsvaret. Utseth gjengav sjølegdrullen fordi den oppgir fødestaden til dei innrullerte. Dermed gir den oss interessante opplysningar om tilflyttinga til Fosen i dei føregåande åra (siste tiåra av 1700-talet). Her ser vi m.a. at Trondheim var største fråflyttingskommune til Fosen!

Vi snakkar her om tilflyttinga til Fosen på 1700- og 1800-talet. Da er sjølegdrullen frå 1804 ei viktig kjelde, fordi han oppgir fødestaden til personane.

Sjølegdrulle – kva var det?

Dei sjøvendte bygdene ute på kysten leverte mannskap til sjøforsvaret, bygdene lenger inne leverte mannskap til landforsvaret. I begge områda var gardane delt inn i legder («sjølegder» og «landlegder») som i utgangspunktet skulle stille og utruste éin soldat kvar. Men krava auka etter kvart, og i krigstider måtte alt stridsdyktig mannskap mobiliserast. Mannskapa i legdene var ført inn – innrullerte – i dei militære «rullane». Sjølegdrullane for Fosen på tidleg 1800-tal oppgir både fødestad og bustad for dei innrullerte. Dei gir oss dermed innsyn i mobiliteten i befolkninga, både innan Fosen og til Fosen. Særleg interessant er innflyttinga til Fosen.

Forestillingar vi har om tilflyttinga

Vi har sett for oss at det gjekk ein straum av folk frå dei indre bygdene og ut til kysten, særleg når det var uår i jordbruket, eller når naturkatastrofar ramma. Mange drog heilt ut på ytterkysten. Der såg dei betre mulegheit for å livnæra seg, fordi hovudressursen der, fisken i havet, ikkje var underlagt privat eigedomsrett. Ørlandet skal ha vore ein destinasjon for mange orkdalinger, er det sagt.

Sjølegdrullen gir oss ny kunnskap

Men vi manglar heilheitleg kunnskap og oversyn over mobiliteten til befolkninga gammal tid. Den første folketeljinga som oppgir fødestad, er folketeljinga i 1865. Før dette er sjølegdrullen frå 1804 den eldste, største og lettast tilgjengelege kjelda med opplysning om fødestad. Rullane til landforsvaret (kompanirullane) oppgir dessverre ikkje fødestad for mannskapa.

Fosen historielag har no dataregistrert sjølegdrullen 1804 og undersøkt kva han har å fortelje om tilflyttinga. Her er noen foreløpige resultat:

Talet på innrullerte til sjøforsvaret. Sjølegdrullen for Fosen 1804 omfattar 1661 mann i stridsdyktig alder. Desse utgjorde ca 11 % av befolkninga i Fosen, som i 1801 var på 15.274.

Stor prosent innflyttarar. Av dei 1661 mennene som var innrullerte til sjøforsvaret, var 391 fødde utanfor Fosen. Innflyttarane utgjorde dermed 23,5 % av dei innrullerte.

Kva for landsdelar kom innflyttarane frå?
Frå Austlandet kom 60
frå Vestlandet 5
frå Møre 61
frå Sør-Trøndelag utanom Fosen 197
frå Nord-Trøndlag 55
frå Nord-Noreg 5
frå utlandet 8.

Dei største «fråflyttingsområda»:
Trondheim(!) 75
Gudbrandsdalen 38
Orkdal, Meldal, Rennebu 42
Innherrad (Frosta–Sparbu) 42
Kristiansund 27.

Dei største tilflyttingsområda:
Hitra tinglag (dvs. Frøya og Hitra ÷ Innhitra): 221 tilflyttarar,
Ørland tinglag (dvs. Ørlandet, Stjørna og Agdenes): 123 tilflyttarar.

Sjølegdene med størst tilflytting:
Dei fleste av sjølegdene med stor tilflytting finn vi på Frøya og Hitra, med Daløy legd (med Titran) på topp:
Daløya legd, Frøya, 18 innflyttarar
Ulvan legd, Hitra, 15
Svellingen legd, Frøya, 13
Storfosna legd, Ørland, 13
Fjellvær legd, Hitra, 12
Mausund legd, Frøya, 12
Helsøya legd, Hitra, 11
Hallaren legd, Frøya, 11
Uttian legd, Frøya, 10
Sula legd, Frøya, 10
Froan legd, Frøya, 10
Ytterråk legd, Stjørna, 10
Leksa legd, Agdenes, 10
Dyrøy legd, Frøya, 8
Rabben legd, Frøya, 8
Lauvøya legd, Åfjord, 8
Moldtua legd, Agdenes, 6.

Reservasjonar

Noko fullt bilete av tilflyttinga til Fosen gir denne analysen ikkje. For det første omfattar sjølegdrullen berre ein kortare periode (30 år eller så), for det andre omfattar han berre mannfolk, og for det tredje omfattar han berre ein del av Fosen: sjølegdene.

Begeistring

Likevel er dette eit strålande materiale, som gir eit svært interessant gløtt inn i Fosen-samfunnet i tida omkring 1800. Plutseleg sit vi her med ein masse eksakt kunnskap om tilflyttinga til Fosen. Og enno er det mykje kunnskap som kan hentast ut av dette materialet. Kan vi f.eks finne spor etter «Stor-ofsen», storflommen som ramma Austlandet og Dovre-området i 1788/89?


Kartet viser hovudgardane i dei 85 sjølegdene i Fosen i 1804. Fiolett: Hitra tinglag. Blått: Hemne tinglag. Raudt: Ørland tinglag. Grønt Åfjord tinglag. Lyserødt: Bjørnør tinglag. Sjølegdene stilte mannskap til sjøforsvaret. På 1600- og 1700-talet var det i Fosen berre Hitra tinglag og Ørland tinglag som låg til sjøforsvaret og hadde sjølegder, resten av Fosen låg til landforsvaret. Tidleg på 1800-talet vart sjøforsvaret her forsterka med noen sjølegder i Hemne, Åfjord og Bjørnør tinglag. – Legg merke til at Innhitra og ein snipp av Aure hørte til Hemne tinglag den gongen; Agdenes og Stjørna hørte til Ørland tinglag; Vallersund og Lysøysundet hørte til Åfjord, og Stokksund til Bjørnør tinglag. Einerett til kartet: Fosen historielag.

Johan G Foss