Namn og nemningsfordommar på sjøen i gammal tid

Når ein var på sjøen, var ein meir i maktenes vald enn når ein var på landjorda. Men ein hjelpte seg med erfaring og kjennskap, og ein hadde mange hjelperåder. Om ein mangla fyr og lykter i leia, så var det mange namn som gav signal. Oksen og Galten, Biskopen og Presten varsla dei sjøfarande om fare. Ein hadde også råd for å blidgjera maktene. Til det hadde ein eit eige sett av ord og nemningar, eit eige «sjøspråk», som ungane måtte lære seg.

Fiskarbøndene sette husdyrnamn på holmar og skjær

Dei som gav namn til holmane, skjæra, båene og fluene langs kysten, var fiskarbønder, og husdyra på garden er rikt representert i namnematerialet – Oksen, Hesten, Kalven, Galten, Hunden, Geita osv, gjerne i samansetningar som Svartoksen, Måøygalten, Jektkalven osv.

Kva låg det i desse namna?

 

Per Hovdas oversikt over tydingar i Norske fiskeméd (1961):

Hesten – holme/skjer som liknar ein hestesal.
Brunen –  grunne/flu nemnt etter brottet (fargen på det?).
Oksen – kvasse grunnar som ligg farleg til i leia.
Leikua – skjer/holmar som var viktige sjømerke.
Kalven – skjer/holme som ligg attmed ei større øy.
Galten, Grisen, Purka – skjer, steinar og grunnar som ligg farleg til i leia, eller som i skapnad kan minne om ein gris.
Geita – skjer, båe eller fall med skarpe formasjonar, eller der brottet «mekrar».
Bukken – skjer/båe som ligg meins til i leia, eller holme/skjer kvasse formasjonar.
Hunden  – oftast om skjer som ligg som ein vakthund utanfor hamner og vågar [men markerer også farlege stader].

Namn som Oksen, Galten, Bukken og Hunden gav varselsignal til dei sjøfarande om å passe seg.

Leikua eller Sulsleikua nord for Dyrøya på Frøya.
Leikua eller Sulsleikua nord for Dyrøya på Frøya, viktig sjømerke ut mot Sulsfjorden. Foto Johan G Foss.

 

Nemningsfordommar og sjøspråk

Folk levde i eit magisk univers, der ord kunne ha magisk kraft. Upassande ord kunne framkalle uønska fenomen, det kunne gå troll i ord. Særleg i utrygge omgivnader, som på sjøen, måtte ein passe seg for kva ein sa.

Mangt var tabu når ein var på sjøen

På sjøen var det mange tabuord. Rovdyr og rovfuglar skulle f.eks ikkje nemnast.

Nordmøringen Edvard Langset (1867–1924) samla mange folkeminne frå Nordmøre og Fosen i åra omkring 1920. Husmann og fiskar August Holm på Hitra fortalte om ei hending frå oppveksten sin i Sparbu. Han var med faren på sjøen, og så fekk han sjå ein hund kom springande frammed stranda. «Der kjem det ein hund òg, rennande frammed landet,» sa eg. «Hald kjeft, gut. No kan vi gjern ro i land», sa ‘n far. «Du skal alder nemn klodyr på sjøa, gut».

Informanten føyde til at han ikkje fekk noen tru på dette, og litt om senn tapte faren trua på det, han òg. (Edvard Langset: Segner – Gåter – Folketru frå Nordmør (1948), s. 135 – her gjengitt i lett normalisert språkform.)

Kva var tankegangen?

Det kan vera vanskeleg å forstå tankegangen bak mange av tabua. At rovdyr (klodyr) var tabu, kan ein kanskje forstå, i og med at dette var farlege dyr, dyr som gjekk på rov.

Men også kjente og kjære husdyr som hest og ku kunne vera tabubelagt. Somme ting i båten kunne det òg vera forbode å nemne med namn. Kleppen var tabu og vart omtala som «tre» (minneoppskrift, Frøya). Tanken bak det kan ha vore at kleppen skulle vera ei overrasking som fisken ikkje skulle ane noko om før han fekk han i nakken. Men det er ikkje lett å forstå at ein uskyldig gjenstand som vadbeinet var tabubelagt og skulle omtalast som trehesten (Langset 1948, s. 135, Bjugn). Kanskje er dette tabuet så gammalt at det er frå før rullevadbeinet si tid, da vadbeinet var eit bein frå eit landdyr – og dermed eit unemneleg fremmendlegeme i ein båt?

Kveita var den fremste av alle fiskar, og ho var det mange spesielle reglar knytta til. Mange stader skulle ho heller ikkje nemnast med namn, men vart omtala som kalv (Per Hovda: Norske fiskeméd, s. 208, frå Nesna, Halten, Aukra o.fl. stader).

«Nemner du husdyr, så har du dei med deg»

Frå Bjugn har Edvard Langset eit notat som bringer oss eit stykke vidare i forståinga av ord-tabua på sjøen (her i lett normalisert form):

«Når vi kom på sjøen, så mått vi ikkje nemn dyra med det namnet som hørt landet te. Men vi mått bruk namn som hørt sjøen te. … Nemnt ein ikkje sliker eit dyr på rett måtin, så sa dem det, gammelkarran: «Du har dem med deg». (Fotnote: Det var det samma som dem førte grisen eller kua med seg.)
Hesten skull vi kall «rompeskute». Grisen kalla vi «rotskate», kua kalla vi «honn-skåre».
Det va eit tå det først vi lært tå di elder, det, kva vi skull kall land-dyra. Og vi lært dem snart. Vi villa verra karra og lær sjønamna.
Katten kunn vi kall med det namnet han ha. For katten ha god fisk-løkk, den karen. Vi villa gjern dra samtalin bort på han. Kråka ha vi ikkje nå serskilt namn på.» (Langset 1948, s. 135.)

Tabua og sjønamna går av bruk (før 1900)

Frå Eide på Nordmøre fekk Langset opplyst at om noen kom til å nemne bjørn, rev, varg eller ramn på sjøen, så måtte dei sette ein kors på keipen. «Du må tru det vart mang kors ‘punn keipa. For vi ungdommann kom oss ikkje i hau, vi, og nemnt så jamt rovdyr på sjøa. …. Men no nemne folk namn på sliker på sjøa, og tykkje ikkje det e rart.»

Langset fekk desse opplysningane i 1921–22. Dei gamle namneskikkane var da altså ikkje lenger i bruk. Langset skriv i ein fotnote: «Eg hev spurd frå Rissa til Kornstad [på Averøya] om landdyra skulle ha eit serskilt namn, når dei nemnde dei på sjøen, men ingen visste noko om det. «Sjønamna» fann eg fyrst på Hustad (Romsdal).»

Godnamn

Elles var det mange farlege vette ein måtte passe seg for og ikkje provosere. Slike hadde ein gjerne godnamn (forskjønnande namn, noanamn) på. Godnamn kunne ein òg ha på farlege stader langs leia.

Farlege stader med fine namn

Godnamn på farlege stader skulle tene til å blidgjera vonde vette som heldt til der. Når ein var på sjøen og fór framom desse stadnene, brukte ein godnamna, men når ein var på trygg grunn eller på trygg avstand, kunne ein bruke dei rette namna. Oftast var det derfor det rette namnet som overlevde, medan godnamnet har forsvunne. Det finst berre eit fåtal sikre eksemel på at godnamnet overlevde og fortrengte det rette namnet. Blant dei fåtalige eksempla må vi først og fremst nemne Landegode ved Bodø og Jomfruland ved Kragerø og i Hvaler. Svinøy i Herøy på Sunnmøre – no med Svinøy fyr – har òg vore kalla Landegode, eller også Storeskjeret (Norsk stadnamnleksikon). Det har sikkert vore mange fleire godnamn enn dei vi kjenner til.

I mangel av godnamn kunne ein berge seg med å unngå å nemne stadene med namn.

Farlege stader med dyrenamn og narre-tradisjonar

Som nemnt vart dyrenamn som svin, galte, okse og hund brukt som namn på farlege holmar og skjer. Samtidig skulle desse dyra ikkje nemnast med namn når ein var på sjøen! Livet var ikkje enkelt!

Mange av desse lokalitetane utmerka seg, iallfall i seinare tid, med at det var knytt narre-tradisjonar til dei. Når ein fór framom, prøvde ein å narre noen til å helse, eller f.eks å «stikke oksen». Dette er kjent frå alle kantar av landet. Dei som vart narra, var slike som ikkje visste om stadene, og det vil seie førstereisgutane, skårungane.

Å lesa for Biskopen og Presten

Enkelte av dei farlege stadene i leia gjekk under namnet Bispen eller Presten. Også desse namna må oppfattast som godnamn.

Jonas Lie skriv om Bispen vest for Lindesnes i romanen Rutland (1880). Han bygger sikkert på folketradisjon. Ein av mannskapet om bord i Rutland fortel om eit forlis ved Bispen. Han blir spurt om kva for ein bisp det var, og han svarer: «Å, en Bisp, som præker for Sjøfolk, og, naar de ikke vil høre, saa faar de føle.»

Mange stader var det vanleg «å lesa for Biskopen», rimelegvis for å bligjera han. Det var førstereisguten, skårungen, som vart brukt til dette, og mest truleg vart det lese noko som var lært utanåt i kristendomsundervisninga.

I gammal tid var vel dette noko ein gjorde på alvor, men i seinare tid hadde det ein spøkefull vri. Det vart ein av dei mange skjemtane som gjekk ut på å narre skårungare og få dei til å dumme seg ut. Men skikken hadde nok framleis eit visst pedagogisk innhald, ikkje berre underhaldningsverdi. Den fekk unggutane til å hugse desse stadene.

Av skikkar med rot i gamle tabuforestillingar var desse narringane blant dei som heldt seg lengst

Ofring for trygg seglas

Dei sjøfarande hadde også enkelte offerplassar i kystleia. Når dei passerte Sogneoksen ved utløpet av Sognefjorden, forekom det at noen ofra ein kløyvd to-øre. Ved Skomakaren, eit skjær rett sør for Stad, hiva dei i land ei vedski «til pluggar åt skomakaren». Når dei passerte Finnkjerringa, eit skjer i Nordlandsleia, baud dei ho ein røyk. Formålet var utan tvil å bligjera vettene som heldt til der og sikre trygg seglas. (Svale Solheim: Nemningsfordomar ved fiske (1940), s. 141ff).

Eksempel frå Fosen

Ein informant i STOKKSUND meddelte dette til Svale Solheim om ofring til Finnkjeringa:

«På Nordlandsleia ligg eit skjer som heiter Finnkjerringa. Det var vanleg at når ein fyrste gongen fôr forbi der, så skulle ein by Finnkjerringa ein røyk. Her er ei soge av ein som heitte Johan Rasmussa: Eg hadde inga greie på Finnkjerringa, og så seier skipper’n at eg måtte gå ned å pakke i pipa hans, for han fekk slik løst på ein røyk. Eg ana ingen ting og gjekk ned i kahytta og pakka den fine sylvholka langpipa hans. Da eg kom opp på dekket med ho, flira skipperen og så sa han: «Du må let ho der få a’», og så peka han på eit skjer som vi hadde på sida. Da hust eg på Finnkjerringa, og eg vart så gal at eg kasta pipa langt ut i sjøen – mesta bort til skjeret; men det sa’n ingen ting om.» (Solheim, 1940, s. 142). (Språket i dette og dei følgjande eksempla er lett normalisert.)

Ein fiskar frå JØSSUND foralte om korleis han vart narra i Nordlands-leia: «Det var ein stad nord på Helgeland dei kalla Galten. Eg vart narra der. Det var ein som sa til meg: «Hent ein kniv!» Eg gjorde det. Han sa da: «Ja, der er galten, stikk han!» Ja, eg dreiv kniven i land mot skjæret og sa: «Ja, det ska no synas blod!» Da lo dem fordi eg var så rapp til å kaste og hadde svar å gje. – Eg har sjøl narra mange.» (Ola Ryssdal 1,41).

Slike galtar finst det mange av langs kysten. Folk dreiv på med slik narringa like opp i våre dagar, også når ein var på tur med rutebåten. Den ovannemnde mannen frå Jøssund fortalte om dette: «Leikua på Linesfjorden dreiv dei og narra med. Eg fulgte med dampen eingong og han Ove Steinvik var med. Da vi var midt for Leikua, sa eg til han: «Lån meg kniven din!» Ja, han rakte meg kniven. Så sa eg: «Der er kua, du får stikk ho.» «I-i-i», sa han sint og stakk te meg med knivskaftet. Det var no så mangt dem fann på. Det var å hente eit taug for å bett kua, hent ei bøtt for å gi kua drekk.» (O. Ryssdal 1,41).

Frå ROAN er det fortalt at når ein nærma seg Folda på tur nordover, var det tre narreplassar. «Mest kjend er: Biskopen ved Rødøya og Skreddaren og Saksa før dei begynte på Buholmsråsa. (O. Ryssdal 1,43).

Frå ROAN finst det òg ei oppskrift der det er rekna opp ei heil rad med slike narreplassar i Åfjorden og i Nordlandsleia der dei prøvde å narre ungdomane.

Ausa var eit skjer, dei narra dem te å ta fram ei aus eller skjei.
Kråka i Åfjorden. Dei skull skyt ho.
Naglinn, skjer i Åfjorden. Her blei dei narra te å ta fram ein hammar for å slå inn naglinn.
Nordom Folla var det mange narreplassar.
I Nærøsundet blei dei narra te å ta fram ein kniv for å stekk Prestøygalten.
Finnkjeringa
nord på Helgeland. Her blei dei narra te å ta av seg huva for å helse på Finnkjerringa.
På Leka er det òg ei finnkjerring. Der skull ein òg helse (Lekamøya).» (O. Ryssdal 1,44).

Utafor Nærøya hadde dei fleire faste narre­plassar. Ein mann frå VIKNA fortalte:

«Prestøygalten er det vesteste skjeret utafor Nærøya som fell tørt. Det ha vore mang forlis der. E ha itj hørt om narring der.
Munken i Nærøysundet er det derimot narring med. Dei ska hels på han. Det er ein kvit stein i berget, nord om fyret.
Skomakaren på Hestøya. Det er ein stein på eit nes. Det vart drive mykje med å narre folk te å hels.» (O. Ryssdal 1,45).

Alle desse lokalitetane ligg farleg til i leia. Det blir f.eks opplyst om Prestøygalten at det hadde vore mange forlis der. Ved­kommande informant hadde ikkje hørt om narring der, men informanten frå Roan ovafor kjente til det.

Frå ROAN refererer Solheim desse narringsplassane:

«Ved Kjeungen (fyr) utom Uthaug, Ørlandet, har det vore narring.
Det var mer narring med Leikukalven på Linesfjorden enn med Leikua.
Måøygalten
utfor Kiran i Bjørnrør ha det vore narring med.
Ved Leikua på Linesfjorden er ein tå dei værst plassan norom Beian i Fosen. Det er ureint farvann her.
Ved Måøygalten må ein i tjukkskodde passe vel på at ein itj kjem utom Galten.»

Liknande narreskikkar var knytta til namn som Kjerringa, Kjerringræva, Merraræva o.l.

I LEKSVIK narra dei ungdomane til å helse på Urskjerringa, ein odde som stikk ut i sjøen i skiljet mellom Leksvik og Leksvikstranda sokn. Odden ligg i nærleiken av Ursbekken. «Når en ungdom første gang var med båt forbi Urskjærringa, så var det et al­mindeligt narrestrek å få ham til å hilse på Urskjærringa. – «Nu må du ta hatten av,» sa en av de gamle, da de kom til stedet, og hvis han etterkom påbudet blev det en oplivende latter ombord.»

Frå HEIM fekk Solheim opplyst frå ein informant at det enno [1940] var brukeleg å narre dei yngre ombord til å helse på skjer og holmar, seglmerke o. l.. «Første gongen eg fór forbi Agdenes på veg til Trondheim, narra skipperen meg til å helse på Agdenes-kjerringa, ei jernstøtte på ei flu ved Agdenes,» fortel informanten. Karakteristisk er det i nyane tid sett opp ei jarnstøtte på denne kjerringa for å markere flua.

Johan G Foss
mai 2019