Var spanskesjuka den største katastrofen som har ramma menneskeslekta?

Spanskesjuka var ein aggressiv influensa som herja verda i åra 1918–20. Dei siste åra har vi fått høre at dette var den verste ulykka som noen gong har ramma menneska. I Store norske leksikon (snl.no) les vi: «Mellom 50 og 100 millioner mennesker døde, det vil si at flere døde enn under første verdenskrig og andre verdenskrig samlet», og på wikipedia.no: «Spanskesyken (var) trolig mer omfattende enn både svartedøden og den justinianske byllepesten.»

«Fake news». Dette stemmer absolutt ikkje om vi ser dødstala i høve til folkemengda. Om «spanska» tok livet av 50–100 mill menneske, utgjorde det 4–8 % av folketalet i verda, som da låg på 1,8 milliardar. Dødstala var enorme, men menneskeætta har opplevd verre ting.

I Noreg tok spanska 15 000 liv. Det utgjorde 0,6 % av befolkninga (snl.no).

Spanskesjuka verre enn verdskrigane? Om vi vil  samanlikne katastrofe-omfanget av spanskesjuka med verdskrigane, så kan vi heller ikkje berre sjå på dødstala. Vi må òg ta med den vanvittige ressursbruken under krigane og dei enorme materielle øydeleggingane, og også det sivilisasjonssamanbrotet som verdskrigane representerte. Spanskesjuka førte først og fremst med seg privat sorg og smerte.

TuberkuIosen var nok ei større svøpe for menneska enn spanska. Omkring 1920 kan det årleg ha vore 10 mill tuberkulosedødsfall i verda, og slik hadde det vore i mange tiår. I Noreg var det mykje tuberkulose i siste del av 1800- og begynnelsen av 1900-talet, med ca. 7000 dødsfall årleg omkring 1900 (Folkehelseinstituttet). Dette var omtrent like mange som spanska tok da ho grasserte på det verste, i 1918.

Eg intervjua i 1970–80-åra mange gamle folk som kjente til både spanska og «tæringa». Spanska var ein episode, tuberkulosen hadde dei heile tida. Mor mi og far hennes hadde tuberkulose, men fekk behandling og overlevde, medan to av søskena til mor mi døde.

Da spanska gjekk, var far min i konfirmasjonsalderen. «Æ låg ein halv tim’ i spanska, nerri kjøkenkråa,» fortalte han. «Da ha-itj-æ tia lenger, æ mått ut åt gutan!»

Kva var den verste katastrofen? Av dei sjukdomskatastrofane vi veit om, gjorde nok svartedauden det største innhogget i menneskeætta. Ein antar at denne pesten tok livet av 50 mill av dei 80 mill innbyggarane i Europa, altså 60 %. På verdsbasis skal 75 mill ha stroke med. Også i Noreg reiv pesten bort rundt 60 % av folket (snl.no). Gardar og bygder vart liggande øyde, og det tok nærmare 300 år før landet var fullbygd igjen.

Det bør ringe ei bjølle for dei som vil påstå at spanskesjuka var verre enn dette.


Befolkningsutviklinga i verda dei siste 12 000 åra – i grove trekk. Etter Store norske leksikon, 2005-utgaven. Diagrammet markerer svartedauden som den største demografiske katastrofen. – Folkemengda har vakse sakte i mesteparten av dei 12 000 åra diagrammet omfattar, men veks no svært raskt (den passerte 7 milliardar i 2011 og 7,5 milliardar i 2017). Merk at tidsaldrane i diagrammet har dei tidsspenna som blir brukt internasjonalt, ikkje dei som blir brukt i «norsk» tidsrekning.

Spanskesjuka i Fosen, sjå Kolbjørn Aune: Spanskesykja i Fosen 1918–1919 i Årbok for Fosen 2003, s. 201ff.

Johan G Foss

mars 2019, justert april 2020